Mandag 18.12.2017 - Uke 51

logo

Samarbeidspartnere

Briksdalsbreen er ein av dei norske breane der årlege målingar står i fare for å måtte avbrytast. Årsaken er blant anna snøskred og isras.


530x397 Briksdalsbreen 2015Briksdalsbreen tidlegare i haust. Foto: Atle Nesje

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har i haust gjennomført dei årlege frontposisjonsmålingane på nokre brear i nærområdet på vegne av NVE.  

Bøyabreen og Store Supphellebreen i Sogn og Fjordane har vore ein del av måleprogrammet sidan høvesvis 2003 og 1992. Vi har utført målingane på dei regenererte delane av breane som ligg ved foten av fjellet under brefallet.

Breane har dei siste åra vore vanskelege å måle då snøskred og isras styrer korleis desse massane endrar seg, og det er ikkje alltid at vi finn blåis når vi målar dei.

I tillegg smeltar breane attende på grunn av auka gjennomsnittstemperaturar. Det har ikkje vore mogleg å måle Bøyabreen og Store

Supphellebreen nøyaktig nok i år, noko som gjer at vi ikkje får tal på frontposisjonsendringane.

Dette er eit problem vi har venta på dei siste åra og det ser no ut til at vi må avslutte måleseriane.

Vurderer å avslutte Briksdalsbreen

Det er ikkje berre breane i Fjærland som er vanskelege å måle.

Senioringeniør i NVE, Hallgeir Elvehøy, hadde dette å seie om statusen til målingane:

"Det er jo synd å avbryte måleseriar, men om målingane ikkje er representative for breutviklinga, så er det ikkje anna råd. Vi vurderer å avslutte Briksdalsbreen...".

For Briksdalsbreen finst det ein måleserie heilt attende til 1901 som no står i fare for også å måtte avbrytast. Det er NVE og Atle Nesje som står for målingane av Briksdalsbreen.

Men vi har heldigvis to andre brear som vi framleis kan måle frontposisjonen til. Meir om deisse kan du lese her:

Breanes frontposisjonendringar i 2015

For meir om brear i Noreg anbefalast det å gå inn på NVE sine heimesider.

Samarbeidspartnere

Nyhetsbrev

captcha 

200 ledige stillingerb

200 Tips oss

200 Fortell om din forskning

 

 Ukens PhD comics

50


Redaktør: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.å

Om: Info om Geoforskning.no

Annonsere: Informasjon og priser

Kontakt: Kontaktinformasjon Tips oss

Webløsning ©2013-15 av Web Norge. Skjerm: