Minneord om Jacques Touret

Den internasjonalt kjente geologen hadde sterk tilknytning til Norge.

Jacques Touret presenterer ein lokalitet på Vegårshei under ekskursjonen med Ecole des Mines i 2009. Foto: Per Hagelia.

Jacques Léon Robert Touret, født 2. januar 1936 i Fumay i Ardennene blei 88 år. Han døde i Paris den 11. mars. Jacques var ein internasjonalt kjent geolog med sterk tilknyting til kommunane Gjerstad, Vegårshei, Åmli, Risør, Tvedestrand og Arendal. Foreldra hans var lærarar i ein landsby nær grensa mot Belgia. Mor hans klarte i 1940 å få vesle Jacques og søstera unna krigshandlingane i grenseområda og tok seg fram til ei trygg hamn hos familiefolk i Sør Frankrike. Etter kvart kunne dei vende tilbake og han fekk ein ganske vanleg skulegang.

I 1958 tok Jacques eksamen Ingénieur Géologue og Licencié de Science ved Ecole de Géologie i Nancy. I staden for praktisk ingeniørgeologi ønska han å fortsette med studiar innan petrologi, dvs. læra om korleis bergartar blir danna. Professor Tom. F. W. Barth på Geologisk museum i Oslo og professor Marcel Roubolt i Nancy la til rette for at Jacques kunne studere vidare i Norge. Tidleg på sommaren 1958 kom Jacques fram til Geologisk Museum i Oslo etter ein lengre tur frå Frankrike på ein Vespa!

Hans første feltsesong på Vegårshei og i Gjerstad var i 1959. Geologien der var fram til då stort sett ukjent. Jacques omtalte sitt første møte med internasjonale geologar under den internasjonale geologikongressen i 1960 som svært viktig inspirasjon for hans vidare arbeid, og særleg at han fekk presentere ein lokalitet i Gjerstad. Arbeidet hans la stor vekt på Gjerstad-Vegårshei augegneis, ein særeigen bergart som ligg på begge sider av den store forkastninga mellom Porsgrunn og Kristiansand. Jacques såg tidleg at berggrunnen var kontinuerleg på begge sider og at forkastninga ikkje var eit skilje mellom to kontinent slik nokre hadde hevda.

Jacques gav seg i kast med eit omfattande geologisk kartleggingsprosjekt i dette ofte veglause området. Han losjerte seg inn lokalt fleire stader i regionen. Søstrene Mjåvatn på Vegårshei var viktige. Dei lærte han stadig fleire norske ord, og dei gav seg ikkje før Jacques snakka ein slags Vegårsheidialekt. Ein kveld han ikkje var komen tilbake til pensjonatet ringte søstrene lensmannen og det blei sett i gang manngard. Det viste seg at Jacques hadde rodd på Vegår til det veglause Kil og gitt seg til. Her var både geologi og visstnok også ei jente. Å vere på Kil var sikkert ei god avveksling frå søstrene Mjåvatn. Jacques hadde alltid lett for å komme i kontakt med folk og blei godt likt.

I 1969 disputerte han for doktorgrad ved universitetet i Nancy. Jacques Touret var ein pioner med tanke på betydninga av små inneslutningar av væske, gass og faststoff i bergartar. Han oppdaga at bergartar danna i djup jordskorpe i Arendalsområdet, såkalla granulittar, inneheld mikroskopiske inneslutningar av CO2 medan bergartar danna på litt høgare nivå i jordskorpa; til dømes i Åmli og Telemark, har inneslutningar dominert av vatn. Ei avhandling Jacques skreiv i 1971 vil bli referert til av geologar for all framtid.  Utstyret for analyse av inneslutningar blei bygd opp i Nancy, delvis på basis av tidlegare arbeid av sovjetiske geologar.

Jacques oppsøkte kunnskapen der den fanst, ikkje uventa som det internasjonale mennesket han var. Ein eigen «skule» meinte at dei observerte inneslutningane ikkje hadde betydning for prosessane i djup jordskorpe. Dette førte til ein årelang diskusjon. Jacques skreiv i 2014 at mange unødvendige diskusjonar og kontrovers kunne ha vore unngått dersom bergartar hadde blitt sett på slik dei er og ikkje i lys av dogmatisk tenking.

Jacques Touret hadde i tida 1965 til 1980 fleire stillingar ved universitet i Nancy og Paris. Han var professor ved Vrije Universiteit i Amsterdam frå 1980 til han blei pensjonist i 2001. Han bygde opp eit avansert laboratorium for studiar av væskeinneslutningar og Raman-analyse i samarbeid med Ernst Burke. Utanlandske geologar, inklusive norske, hadde stor nytte av laboratoriet som gav nye bidrag til petrologisk forsking over heile verden.

Jacques leia organisasjonskomiteen for “NATO Advanced Study Institute” i 1984: ein internasjonal fagkonferanse med ekskursjonar over heile Sørlandet. Då vi var i Arendal blei vi invitert til rådhuset og han stilte opp med spontan tale som forklarte vertskapet om betydinga av gammal djup jordskorpe i distriktet. Humoristen Jacques var ikkje til å ta feil av:

“So, if you come up from the sea to the beach of Tromøy on a sunny day, you can really see something of interest”

Det er også sagt at då han blei vald inn i det Belgiske vitskapsakademiet klarte han til og med å få den elles mutte belgiske kongen til å dra på smilebandet. Jacques var også medlem i vitskapsakademia både i Nederland og Norge. Som pensjonist hadde han ein plass på Ecole des Mines der kona Lydie var kurator.

Den aldrande Jacques vendte tilbake til Sørlandet fleire gongar. Blant anna arrangerte han ein ekskursjon for medarbeidarar ved Ecole des Mines i september 2009. Han bidrog også med foredrag om geologi og lokalt folk under det første AbelSeminaret i Gjerstad same år. Jacques var ein uvanleg person både som geolog og menneske. Vi som kjente han har mista ein god venn og ein eksepsjonell entusiast som alltid viste stor interesse for både våre faglege og daglege gjeremål.

Jacques Touret blei gravlagt i Paris 25 mars 2024. Den faglege arven og minnene vi sitter igjen med vil leve lenge.

PER HAGELIA

Per Hagelia

https://geoforskning.no/minneord-om-jacques-touret/

RELATERTE SAKER

NYESTE SAKER