Fredag 22.11.2019 - Uke 47
logo   128 000 besøkende i 2018

Samarbeidspartnere

Sjølv om store fjellskred er sjeldne i Noreg har dei historisk sett kosta mange liv. Det finst ikkje gode sikringstiltak, derfor er overvaking og varsling essensielt. Å varsla eit skred til rett tid er ei viktig, men vanskeleg oppgåve som krev stor kunnskap om det ustabile fjellpartiet.


Eit skremmande scenario

Det er tidleg på morgonen ein varm og våt haustmorgon ved Lyngheim gard i Romsdal. Det har i lengre tid regna kraftig og dei siste timane har også vinden tatt seg opp.

På denne tida ville ein vanlegvis høyrt breking frå sauer eller lyden av toget på Raumabanen som susar forbi. Men ikkje denne morgonen. Denne morgonen er det stille. Frykteleg stille.

Verken Raumabanen eller Lyngheim gard vil kunne bli som dei ein gong var. Dei ligg no begge djupt begravd under ei blanding av stein, blokker, grus og vatn. Det utenkelege har skjedd, det ingen var klar for.

Dette er ei beskriving av eit tenkt scenario ved eit mogleg skred frå det ustabile fjellpartiet Mannen, storebroren til Veslemannen som nyleg rasa ut. Ei slik skremmande hending kunne ha ført til tap av liv.

Ved hjelp av overvaking kan ein førebu seg på farar fjellet truar med, slik at steinmassar kan rasa ned med personar og dyr i tryggleik.

Den store Mannen

530x400 Oversikt MannenOversikt over det ustabile fjellpartiet Mannen. Veslemannen er indikert med grønt. Bildet er tatt før store delar av Veslemannen raste ut. Foto: NVE

Det mykje omtala fjellpartiet Mannen i Møre og Romsdal er klassifisert som eit objekt med høg fjellskredrisiko og har sidan 2009 vert under overvaking. Det ustabile fjellpartiet har eit volum på 20 millionar kubikkmeter, eit volum som tilsvarar heile 2 millionar lastebillass.

Det er i den øvste dela av fjellpartiet at bevegelsen er størst, med ei hastigheit på over 20 mm/år. Om eit større parti av Mannen skulle kollapsa ville det fått store følgjer for personar, bygg og vegar i området.

I tillegg kan skredmassar demma opp elva Rauma, som ved dambrot kunne ført til ytterlegare øydeleggingar av eigendommar og infrastruktur.

Den seige Veslemannen

Veslemannen er ein avgrensa, liten del av den store Mannen. Samanlikna med Mannen utgjorde Veslemannen kun 1 % av det totale ustabile volumet, men hadde til gjengjeld over 300 gangar større bevegelse.

Til tross for den høge aktiviteta, hald den seige Veslemannen seg 1 200 meter over havet heilt fram til 5. september 2019.

Grunnen til at det ikkje raste før var eit stabiliserande steintårn på storleik med eit hus, ofta omtalt som «Spiret», som stod nedst på Veslemannen og hindra steinmassar frå å rasa ut. Med tida vart dette tårnet gradvis svekka og til slutt gav det etter.

Det var ikkje sikkert på førehand om Veslemannen ville kome ned som eit større skred, eller stadig minka i form av fleire mindre skredhendingar. Derfor vart både Lyngheim og Rønningen, som er områder under fjellpartiet, antatt å vere i utrygge soner med ein potensiell fare for liv, busetnad og infrastruktur.

Ved ras i forbinding med kraftig nedbør, kunne også vassrike steinmassar ha nådd heilt ned til jernbana. Det ustabile volumet vart i 2015 estimert til mellom 120 000 – 180 000 kubikkmeter, der til no store deler av dette har rast ut.

Det er altså framleis rester av Veslemannen igjen oppe i fjellet, men ikkje nok stein til at det utgjer ein fare for busetnaden.

530x192 før og etter VeslemannenSkjematisk framstilling av Veslemannen før og etter skredet 5. september 2019. Før skredet held steintårnet på plass oppknuste steinmassar. Rød pil indikerar bevegelseretninga til det oppknuste materialet. Etter skredet er steintårnet og dei oppknuste massane vekke.

Kontinuerlig overvaking

Ved hjelp av kontinuerleg overvaking av Mannen (og fram til no Veslemannen) kan ein følgja med på korleis fjellet oppførar seg.

Det er utvikla eit omfattande overvakingssystem for å overvaka bevegelse. Fleire ulike typar måleinstrument er tatt i bruk, mellom anna radar, GPS og stenger i sprekker som målar sprekkeutviding.

I tillegg er det gjennomført ei rekkje undersøkingar, mellom anna ved hjelp av borehol. Ut frå innsamla data er det observert ein samanheng mellom bevegelse og nedbør, der auka bevegelse ofta er knytt til kraftig regnvêr.

Når nedbøren minkar, minkar også bevegelsen. Temperaturen i området kan også vere nær frysepunktet. Difor kan også fryse- og tineprosessar spele ei rolla for stabiliteta, ettersom is har større volum enn kva vatn har.

"Ulv, ulv"

Det finst ingen gode sikringstiltak mot fjellskred, dermed er overvaking, åtvaring og evakuering det beste i kampen for å forhindra tap av liv.

Dessverre har det å varsla skred frå Veslemannen vist seg å vera vanskeleg. Fleire gangar er det blitt ropt «ulv, ulv», der eit større skred er forventa, men ikkje førekjem.

For å kunne åtvara til rett tid må ein forstå åtferda til fjellpartiet; ein må forstå når terskelen for utrasing er nådd. Store fjellskred er vanlegvis varsla ved auka bevegelse før kollaps, i form av opning av sprekker og auka mengde mindre enkeltblokker som rasar ut direkte frå berggrunnen.

Problemet er at ein periode med auka aktivitet ikkje alltid resulterar i utrasing. Naturen er kompleks, og nokre gangar stoppar bevegelsen og fjellpartiet stabiliserast igjen.

For at det skal utløysast eit større skred må bevegelsen overgå ein terskel, men denne terskelen er det vanskeleg å setja eit tal på.

For heile Mannen, inkludert Veslemannen, er det viktig å fortsetja å følgja med på bevegelsen i fjellet, ettersom det enda er store massar som før eller seinare vil rasa ned.

Sjølv om det framleis er uvisst kva tid resten av fjellpartiet Mannen når terskelen for utrasing, er det sikkert at det ein dag vil skje.

Når den dagen kjem, må me vera forberedt.

130x154 LeneDenne teksten ble skrevet av Lene Bukholm (UiB) som en del av eksamen til kurset Overvaking av ustabile fjellsider.

 

Kurset ble holdt for første gang i år av Institutt for miljø og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

 

Les mer om kurset her

 

Samarbeidspartnere

Nyhetsbrev

captcha 

200 ledige stillingerb

200 Tips oss

200 Fortell om din forskning

 

 Ukens PhD comics

250x166 613


Redaktør: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.å

Om: Info om Geoforskning.no

Annonsere: Informasjon og priser

Kontakt: Kontaktinformasjon Tips oss

Webløsning ©2013-15 av Web Norge. Skjerm: