Tek grep for betre skredspråk

Kva er eit jordskred? Og kva skil det frå eit flaumskred? To engasjerte forskarar og undervisarar meiner dei norske omgrepa er for uklare og vide, og ønskjer innspel til nye definisjonar og klassifiseringar gjennom ei spørjeundersøking.

Eit skred har stoppa nattbussen på Strynevegen under stormen «Hilde» i 2013. Men kva skredtype ser me eigentleg på biletet? Foto: Jan Helge Aalbu (frå spørjeundersøkinga)

Kva er eit jordskred, og kva er eit flaumskred? Det var mellom anna etter skredhendingane i Jølster den 31. juli i 2019 og under «Hans» 5.-8. august i 2023 at me såg at det er behov for ei presisering og klårare definisjonar av desse omgrepa på norsk. 

Etter definisjonane i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine rapportar er jordskred definert som både debris slide (viss dei har lengre utløp enn 30 m), debris avalanche (i ope terreng), og debris flow (utanfor etablerte vassvegar).

Flaumskred er debris flows (i etablerte vassvegar), debris flood eller hyperconcentrated/ watery flow. 

Både omgrepet jordskred og flaumskred kan altså bli brukt for å omtala den same skredprosessen eller dei same avsetningane. Spesielt merkar me frustrasjonen i undervisningssituasjonen; i klasserommet, ute i felten og i rettleiing av studentar. Hovudproblemet, trur me, er at dagens definisjonar av jordskred og flaumskred er for vide og ikkje svarar eintydig til dei internasjonale omgrepa.

Også utanfor akademia, i fagmiljøet elles, er det ueinigheit og frustrasjon omkring dette. Definisjonane seier ikkje mykje om korleis massane bevegar seg eller korleis avsetjingane skal sjå ut. Det må inn i definisjonane. Mange av skredhendingane under «Hans» vart utløyst av vatn som kom på avvegar. Ut frå dagens definisjonar blir dette jordskred, medan magekjensla vil meina at dette er flaumskred – eller kanskje ein del av dei bør klassifiserast som masseførande flaum?

Men, før me føreslår nye definisjonar og avklaringar vil me gjennomføra ei spørjeundersøking korleis omgrepa jordskred, flaumskred og masseførande flaum blir brukt i norsk geologi og kva fagfolket meiner om eit forslag til ny klassifisering. 

Me ynskjer svar frå geologar og andre som jobbar i konsulentbransjen, NGU, NGI, NVE og i akademia med problemstillingar knytte til desse omgrepa.

Er det andre du veit om som du trur bør ta «testen» , er det berre å vidaresenda lekkja til undersøkinga, eller ta kontakt med oss så sender me ein invitasjon pr. e-post. 

Undersøkinga tek ca. 15-20 minuttar. Det er 26 spørsmål. Resultata vil bli publisert på geoforskning.no.

UNDERSØKINGA FINN DU HER

Takk til Graziella Devoli i NVE for gode innspel.

STEIN BONDEVIK

Professor

DENISE RÜTHER

Førsteamanuensis

Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap, Høgskulen på Vestland

Guest Author

https://geoforskning.no/tek-grep-for-betre-skredsprak/

RELATERTE SAKER

NYESTE SAKER