Ingen tvil i fagmiljøet – me treng betre definisjonar for skred på norsk

Resultata frå spørjeundersøkinga om bruken av omgrepa «jordskred» og «flaumskred» er klare. Noko bør gjerast. 89 % har svara ja på at det vil vera ein stor fordel om dei norske definisjonane av prosessar og avsetjingar innafor omgrepa jord- og flaumskred svara til dei internasjonale definisjonane.

Flaumskred eller jordskred? Dette biletet syner eit snitt som blir undersøkt under feltkartlegginga i kurset GE484: Geofare og skredkartlegging ved Høgskulen på Vestlandet. Snittet syner to skredavsetjingar med eit kulturjordlag i mellom. Ut frå dagens definisjonar kan ein ikkje avgjera om desse laga er avsett av flaumskred eller jordskred. Foto: Stein Bondevik

Det har vore eit stort engasjement i spørjeundersøkinga, som først vart omtalt på geoforskning.no. Spesielt mange unge geologar har svara, 52 av 93 er under 40 år.

I spørjeskjemaet kunne ein også stå fram med fullt namn, det gjorde mange, spesielt dei med mange års røynsle innan norsk kvartærgeologi og skredgeologi. Mange av desse har også kome med utfyllande kommentarar som vil bli til god hjelp i det vidare arbeidet.

Høgt utdanna ­– likevel usikre

Av dei 93 som har svara har 29 doktorgrad og 59 mastergrad som høgste utdanning. Likevel fortel mange at dei ofte eller av og til er usikre på kva omgrep som skal brukast på skredprosessar eller skredavsetjingar. Dette gjeld uansett kvar dei jobbar og kor mykje utdanning dei har.

Faktisk er det slik at dess meir utdanning, dess meir usikker. Over 90 % av dei som jobbar i konsulentbransjen er ofte eller av og til usikre på kva merkelapp dei skal bruka på jord- og flaumskred dei undersøker i felten.

Undersøkinga har også avdekka usemje rundt problematikken. Det ser ut til å vera eit skilje mellom hydrologar/ingeniørar og geologar. Geologane er opptekne av avsetningane og prosessen, medan hydrologar/ingeniørar er meir opptekne av morfologien og utløysingsårsaka.

Me må ha eit enkelt klassifikasjonssystem og definisjonar som famnar breitt og som kan brukast i ulike delar av fagfeltet, om det er arbeid med skredsikring, kartlegging eller vitskaplege studium av detaljar i skredavsetjingar.

Noko av problemet ligg i at Noreg er ein skrednasjon der omgrepa er godt etablert i daglegtalen og difor vanskeleg å snu mykje om på. Me ynskjer ikkje å snu for mykje på dei etablerte omgrepa, men redefinera dei slik at dei passar til det internasjonale systemet etter definisjonane i artikkelen til Hungr et al. 2014 (Landslides): «The Varnes classification of landslide types, an update».

Me planlegg å leggja fram eit forslag til definisjonar og klassifisering på Norsk Geologisk Forening sin Vinterkonferanse 2025 i Bergen.

To eksempel frå resultata frå spørjeundersøkinga:

«Det vil vera ein stor fordel om dei norske definisjonane av prosessar og avsetjingar innafor omgrepa jord- og flaumskred svara til dei internasjonale definisjonane av dei same prosessane og avsetjingane.»

Svarfordelinga på spørsmålet over er kopla mot alder til respondentane.

«Har du opplevd å vera usikker på kva omgrep du skal bruka på skredprosessar, skredtypar eller skredavsetjingar som ligg innafor omgrepa jordskred/flaumskred?»

Svarfordelinga på spørsmålet over er kopla mot kvar respondentane arbeider.

STEIN BONDEVIK

Professor

DENISE RÜTHER

Førsteamanuensis

Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap, Høgskulen på Vestlandet

Guest Author

RELATERTE SAKER

NYESTE SAKER