Gneis med gule til brune mekanisk svake forvitringsskorper med jarositt inneheld ca. 5-15 prosent svovel. Dette er årsaka til rask syre- og metallmobilisering i Lillesandsdistriktet. Grå gneis under forvitringa inneheld ofte mindre enn ein prosent svovel knytta til magnetkis som i liten grad bidrar til syredanninga. Foto: Per Hagelia
Naturleg forureina berggrunn er ein komplisert cocktail av mineral med varierande potensial for syredanning, metallmobilisering og strålefare.
Vi skal planlegge for minst muleg forureining og legge til rette for reetablering av ein naturleg eller naturliknande tilstand i samsvar med norske lovar, forskrifter og EU-direktiv. Hensikta er å unngå skadeleg innverknad på biomangfaldet i resipientar så vel som på arbeidsmiljø og folkehelse.
Utlekking til miljøet foregår generelt via forvitring og oppløysing av dei skadelege minerala, der relativt svake bergartar ofte gir mest forureining.
Den mest brukte analysemetodikken (Miljødirektoratet M-310) bygger i stor grad på erfaringar med alunskifer og svartskifer og har fokus på jernsulfid og uran. Syrepotensialet reknast frå totalt svovel utan direkte måling av pH. Men dette dekker ikkje all relevant variasjon med tanke på mineralogi og forvitringsforhold.
Statens vegvesen ser at det ofte ikkje er ein klar samanheng mellom svovelinnhald og faktisk pH-utvikling. Det er behov for ei meir generell fokusering på alle potensielt miljøskadelege mineral, både i uforvitra og forvitra deler av bergmassen. Lokalgeologiske forhold og erfaringar er ofte avgjerande.
Kommunar i Agder har etablert ein eigen vegleiar for klassifisering av syre og metallpotensial for rusta svovelførande gneis.
Den som planlegg utbyggingsprosjekt har behov for lett tilgang på geo-informasjon og treffsikker analysemetodikk. Det er behov for ein vegleiar som kan nyttast i alle deler av landet. Dette krev ein grundig gjennomgang av syre-, metallpotensial og strålefare i lys av den typiske variasjonen i norsk geologi. Det finst mange gråsoner som vi veit alt for lite om.
FoU-prosjektet Miljøgeologisk riktig planlegging og bygging (MilGRO 2022-2024) i Statens vegvesen arbeider bl.a. med dette. Geologiske kartverk frå Norges geologiske undersøkelse (NGU) dekker viktige tema som berggrunn, lausmasse, mineralressursar, industrimineral, djupforvitring og radon (aktsomheitskart). Men det finst ennå ingen detaljert landsomfattande kartserie over forureina berg.
Eldre regionalgeologiske publikasjonar frå bl.a. NGU inneheld i mange tilfelle gode og systematiske petrografiske oversiktar, men er i liten grad tilgjengelege på nett.

Ein ny meir generell og treffsikker vegleiar må vere fundamentert på kunnskapar om mineralogien og den kjemiske samansetninga til norske bergartar, supplert med data om fragmenteringseigenskapar. Ein bør begynne arbeidet med å skaffe oversikt over korleis potensielt skadelege mineral fordeler seg i dei mest viktige geologiske områda i landet:
- Prekambrium
- Kambrium – ordovicium – silur
- Oslofeltet
- Den kaledonske fjellkjeda
- Område med mesozoisk djupforvitring
Denne grovinndelinga representerer ulike mineralprovinsar og vil derfor vere ei strategisk vinkling for innhenting og systematisering av relevante bakgrunnsdata. Erfaring med avrenning frå gamle gruver er nødvendig å få med.
Ein ny vegleiar bør legge vekt på at brukaren plasserer byggeprosjektet sitt innanfor eit regionalgeologisk rammeverk slik at særtrekka i kvar mineralprovins kjem til nytte i klassifiseringa.
Mobilisering av tungmetall og syrepotensial ser ut til å vere eit nokså vanleg fenomen i forvitringssoner. Djupforvitringa i mesozoikum har påverka alle tidlegare mineralprovinsar og viser til dels høg anriking av syredannande sulfatmineral (bl.a. Lillesandsdistriktet) og lokalt også uventa høgt innhald av uran (Bjarkøy).
Statens vegvesen har erfart at slike forhold verkar inn på både prøvetakingsstrategi og val av analysemetodikk. Forvitringa er ofte knytta til større sprekkesystem. Område og lokalitetar med anriking av naturleg forureining bør med tida kunne bli eit eige tema knytta lineamentkarta eller aktsomheitskarta for djupforvitring.
Samarbeid mellom statlege aktørar om ny vegleiar er nå på trappene etter initiativ frå NGU.
Dette visste du ikke

I denne spalten formidler geologer populærvitenskapelig kunnskap fra sitt eget spesialfelt som allmennheten kan ha glede av å få vite mer om.
Per Hagelia er geolog i Statens vegvesen. Han utfordrer kollega Terje Kirkeby.