Fiskesøkkje av eklogitt

VITEN Då eg begynte på geologistudiet var den finaste bergarten eg visste eklogitt. Den eirgrøne pyroksenen og dei rosaraude granatkorna fasinerte meg. Folk i steinalderen kan ha kjent det på same måten.

Då eg begynte på geologistudiet var den finaste bergarten eg visste eklogitt. Den eirgrøne pyroksenen og dei rosaraude granatkorna fasinerte meg. Folk i steinalderen kan ha kjent det på same måten.


530x378 FiskesøkkjeLeiar for dei arkeologiske utgravingane på Longva på Flemsøya, Trond Klungseth Lødøen, står med eitt av fiskesøkkja like etter at det vart funne. Merk den innhogne fura i den runde eklogitten, brukt til å festa eit snøre i. Foto: Hanne Årskog

Rett under matjorda på tapes-strandvollen (danna ved at havet flytta seg innover og oppover på land for ca. 10 000 til 7 000 år sidan) på Longva på Flemsøya – ei øy nordvest for Ålesund – vart det for ei tid sidan funne store mengder med arkeologisk materiale, deriblant ni store fiskesøkkje.

I strandgrusen vart det avdekka eldstadar, bjørkenever frå golvet av ei hytte, store mengder med pilspissar, knivar og skraparar i flint, og hasselnøttskal.

Mange forkola hasselnøttskal vart radiokarbondaterte i lag med bjørkeneveren, og synte at dette hadde vore ein buplass 7 600 – 5 900 år før notid. Det overraska at fiskesøkkja var av bergarten eklogitt.

Fiskesøkkja er alle godt avrunda. Midt på, langs den lengste aksen, er det laga ei fure, som går rundt heile steinen. Den breie fura syner at steinane må ha vore festa til eit tau, kanskje laga av sener. Søkkja er frå 328 til 834 gram, og ut frå størrelsen er det rimeleg at dei var brukte til garn eller teine. Dei kan òg ha vore brukte til å fiska med line på djupt vatn.

Trass i at berggrunnen på Longva er migmatitisk gneis, er fiskesøkkja av eklogitt. Rett nok finst det ein liten førekomst med eklogitt i bratta på nordsida av øya, og det finst eklogitt på naboøya Fjørtofta. På Longva finst det også ein og anna eklogitt i lausmassane, transportert dit av isbrear.

Kvifor har steinalderfolket her heilt bevisst valt seg ut eklogitt som råstoff til fiskesøkkja? Kan det vera fordi eklogitten er tyngre enn andre bergartar? Massetettleiken til eklogitt er 3,5 g/cm3, i motsetnad til andre bergartar som typisk ligg mellom 2,6–2,8 g/cm3.

Det er ikkje uvanleg å finna fiskesøkkje på steinalderbuplassar på Vestlandet, men då er dei helst mindre (1–10 gram) og ofte av kleberstein (2,85 g/cm3).

Nokre av klebersteinssøkkja er kjende for å ha detaljerte innskorne teikningar og mønster på overflata. Dette kan bety at fiskesøkkja var noko meir enn berre eit lodd og at det fanst, kan hende, ei tru på at eit fiskesøkkje med eit særpreg kunne påverka fangsten.

Det er opplagt at eigenvekta til eklogitten har vore ein fordel som råstoff til fiskesøkkja. Men eg trur at på same måten som det er for meg, vart steinalderfiskarane på Longva fasinerte av fargane i eklogitten, det eirgrøne saman med det rosaraude, og at dette vakre har dei tenkt kunne gi fiskelukke.

Og fiskelukke må dei ha hatt med desse søkkja – det er det nok ingen tvil om.

Dette visste du ikke…

 

130 BondevikI denne spalten formidler geologer populærvitenskapelig kunnskap fra sitt eget spesialfelt som allmennheten kan ha glede av å få vite mer om.

 

Stein Bondevik er professor i kvartærgeologi ved Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal.

 

Han utfordrer professor emeritus Martin Hovland.

 

Foto: Leif Hauge

Stein Bondevik

https://geoforskning.no/fiskesokkje-av-eklogitt/

RELATERTE SAKER

NYESTE SAKER