Gjørme frå botn inneheld viktig kunnskap. Emmelie Åstrøm og Raphaelle Descoteaux ombord FF Kronprins Haakon Foto: Bodil Bluhm / Arven etter Nansen
– Naturlege utstrøymingar av metangass lager spesielle økosystem og skapar artsmangfald på havbotnen, seier Emmelie Åström, forskar ved UiT og prosjektet Arven etter Nansen.
I Barentshavet finnast det mange oppdaga kalde utsleppstadar der metangass straumar ut av havbotnen. Dette kan gjennom mikrobiske prosesser blir omdanna videre til næring og fungere som ein matkjelde til dyr som lev og oppheld seg ved dei kalde utsleppsstadane.
geoforskning.no: En unik tidsserie
geoforskning.no: Arktis’ ukjente hotspots
Nye funn for Arktis
Funna i studien bringer ny kunnskap om Arktis. Ein ser liknande utslepp i djuphavøkosystem på ulike stadar på jorda, men at dette skjer på kontinentalsokkelen i Arktis, på eit relativt grunt område, og på plassar med høg fotosyntetisk produktivitet er nye funn.
– I denne studien har vi vist fram at dyr som lev ved kalde utsleppstader har mye større variasjon i val av matressursar takka metangassutsleppa og kjemosyntese, seier Åström.

Metan vert til sårt tiltrengt mat
Metangassen, i kombinasjon med mikrobiske prosessar fungerer som energikjelde i det som blir kalla kjemosyntese. Kjemosyntese dannar energi uavhengig av sollys og fotosyntese, og dette utgjer eit næringsgrunnlag for spesielle artar som samarbeider med slike mikrobar som kan bruke metan eller sulfid. Men det kommer også større rovdyr til nytte som kan ete byttedyr som kan nytte mat frå kjemosyntese.
– Metan blir ein næringskjelde som enkelte marine dyr nyttar i tillegg til sin vanlege fotosyntetisk diett. Det er ikkje truleg at mange dyr nyttar berre denne kjelda til mat viss de ikkje er i symbiose (samarbeid med mikrobar som kan nytte energien frå kjemosyntese). Tenk deg litt som at i havet blir det funne generelt berre gras å ete (fotosyntese/planteplankton), og heilt plutseleg får ein høve til å ete noko anna; som godteri eller kjøtt. Og dei dyra som kan bryte ned kjøtet eller sukker i magen får no ein ekstra matkjelde og kan då ha ein fordel mot andre dyr som berre kan ete gras, forklarar ho.
Studien synte også at det karbonkjelder avleia via kjemosyntese ikkje berre skjer ved isolerte område i djuphavet med avgrensa tilførsel av organisk materiale via fotosyntese, men også finner stad på høgproduktive arktiske grunne botnområder.
– Vi må no anerkjenne at metangassutsleppa er ein komplementær næringskjelde på enkelte plasser i Arktis. Dette førar til at mengda med mattilførsel i Barentshavet er høgare enn vi tidlegare tenkt, seier forskaren.

Viktig kunnskap om miljøet i Barentshavet
Kalde utsleppstadar er ifølgje norske mynde anerkjent som spesielle og utsette område som vi treng å følgje med på (Miljødirektoratet sin rapport 2019).
På grunn av interessa frå petroleumsindustrien, har forskarar tidlegare studert kjemi og geofysikk i desse områda, men biologien har til no vore mindre undersøkt.
– Denne nye studien synar at kalde utsleppstadar er viktige leveområde, der ein kan sjå at biodiversitet og artsmangfald nyttar seg av fleire næringskjelder for å overleve, fortel Emmelie Åström.
Den nye studien kan du lese her: Frontiers | Chemosynthetic and photosynthetic trophic support from cold seeps in Arctic benthic communities (frontiersin.org)