Nekrolog Markvard Armin Sellevoll

AKTUELT Tidligere UiB-professor Markvard Sellevoll har blant annet bidratt betydelig til oppbyggingen av geofysikk som fag i Norge, inkludert utforskingen av kontinentalsokkelen og arbeidet som ledet til NORSAR.

Tidligere UiB-professor Markvard Sellevoll har blant annet bidratt betydelig til oppbyggingen av geofysikk som fag i Norge, inkludert utforskingen av kontinentalsokkelen og arbeidet som ledet til NORSAR.


530x623 SellevollFoto: Halfdan Carstens

Markvard, vår avhaldne professor frå 1960-talet, døydde 22. mars, 96 år gamal. Han medverka sterkt til at Jordskjelvstasjonen ved Universitetet i Bergen vart eige institutt i 1960, der han var hovudpersonen bak ei sterk utvikling av geofysikk som fag dei neste to tiåra.

Dette fall saman med utforskinga av den norske kontinentalsokkelen og funna av petroleum der, og mange av studentane hans frå den tida gjekk etter kvart inn i viktige roller både i akademia og i industrien.

Han medverka også sterkt til å byggje opp eit system for overvaking av underjordiske kjernefysiske prøver på den same tida, eit arbeid som førde fram til NORSAR på Kjeller.

Det er blitt djupe spor i landet vårt etter Markvard. Men det er litt gåtefullt korleis han fekk dette til, for han var både stillfarande og mjuk i talen, og aldri framfusen. Men han var svært flink til å byggje kontaktar, han var tillitvekkande, han trudde på folk, og han var alltid oppteken av å delegere. På denne måten fekk han gjort mykje, han var i sanning ein føregangsmann.

Men vi hugsar Markvard mest for den personen han var, gjennomført venleg i alt sitt vesen og alltid positiv, og ein mann som ofte bidrog til at dei rundt han kunne kome fram i lyset, han var ein katalysator. Og alle som har kjent han tenkjer på han på same måten. På sine eldre dagar vart han oppteken av lokalhistorie, inkludert motstandsrørsla i heimbygda si, Alversund.

Sellevoll var medlem i Det Norske Videnskapsakademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, han vart riddar av St. Olavs Orden i 1992, og han var den aller første mottakaren i 2003 av Brøggerprisen – heidersprisen til Norsk Geologisk Forening.

Les mer om Sellevoll på geo365.no: Markvard Sellevoll har gått bort

Hilmar Bungum

Olav Eldholm

Anders Farestveit

Eirik Sundvor

Ronny Setså

https://geoforskning.no/nekrolog-markvard-armin-sellevoll/

RELATERTE SAKER

NYESTE SAKER