Turistfella Flåm

VITEN – der meir enn lange køar og høge prisar kan skapa frykt hjå turistane.

– der meir enn lange køar og høge prisar kan skapa frykt hjå turistane.


530x397 Joasetebergi Flaam oversiktsfotoJoasetbergi med Flåm i bakgrunnen. Foto: Tanja Marie Gjerde

Flåm er ein av Noregs mest kjende turistdestinasjonar, og byr på vakker natur med fjord og fjell. Her kjem turistane i hopetal, enten det er med Flåmsbana eller ombord eit cruiseskip.

Den vesle bygda sitt innbyggjartal vert mangedobla i turistsesongen, og Flåm tek i mot ein million turistar kvart år.

Men lite veit turistane bak selfie-stengene at høgt over fjorden lurar ei fare som kan ha store konsekvensar for den vesle naturperla.

Det ustabile fjellpartiet Stampa

Stampa er eit ustabilt fjellparti rett nordaust for Flåm på ca. 850 – 1 000 meters høgde. Norges geologiske undersøking (NGU) byrja kartlegginga av dette fjellpartiet i 2005 etter at det hadde blitt identifisert på flyfoto og terrengmodeller som eit potensielt ustabilt objekt.

Etter fleire år med kartlegging og målingar av rørsle i fjellet vart Joasetbergi, som er ein mindre del av heile fjellpartiet, klassifisert som eit høgrisikoobjekt i 2016 og vart dermed satt under konstant overvaking.

At Joasetbergi har vore utsatt for mykje rørsle er tydeleg å sjå i terrenget. Ei halvvegs losna blokk har sige 20 meter ned i forhold til fjellplatået bak.

Djupe sprekkar og forseinkingar som er blitt danna av forflytting kan ein sjå over heile fjellpartiet, og i våte periodar sildrar det vatn i desse sprekkene som går djupt ned i fjellet. Nedover fjellsida mot fjorden ligg det óg lausmassar frå tidlegare skred som har gått i området.

Konsekvensar for skredet

NGU har kartlagt åtte ulike scenario for eventuelle skred frå Stampa. Ein skil mellom scenario på bakgrunn av ulik storleik og sannsyn for utrasing.

Det er dei minste scenarioa som har størst rørsle og høgast sannsyn for skred, mens dei større scenarioa har mykje større konsekvensar ved utrasing. Joasetbergi er eit lite område på partiet Stampa, men har langt meir rørsle enn dei kringliggande områda.

For Joasetbergi er rørslene opp mot 1 cm/år, mens det for resten av fjellpartiet er omkring 1,5 – 2 mm/år.

Av alle scenario som er blitt utarbeida er det berre Joasetbergi som vert klassifisert som eit høgrisikoobjekt. Dette er det einaste scenarioet med høg sannsyn og store konsekvensar.

Sjølv om massen som rasar ut er relativt liten, kan konsekvensane bli store viss skredet går ut i fjorden og skapar ei flodbølgje. Skredet vil då også krysse E16; som er ein av hovudferdselsårene mellom aust og vest, og kor det i løp av turistsesongen susar fleire turistbussar forbi dagleg.

Norges Geotekniske Institutt (NGI) har gjennomført modellering av kor stor ei eventuell flodbølgje forårsaka av utrasing av Joasetbergi kan bli. For Flåm sentrum er bølgja berekna til å rekkje 2 – 3,5 meter opp på land.

Dette er lite viss ein ser for seg katastrofefilmen «Bølgen», men viss skredet inntreff når fleire tusen turistar oppheld seg i hamneområdet kan konsekvensane bli fatale.

Det er det høge besøkstalet med turistar i den vesle bygda som forsterkar konsekvensane ved eit eventuelt skred.

Overvaking av Stampa/Joasetbergi

På grunn av den overhengande faren for utrasing vert Joasetbergi kontinuerleg overvaka av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Joasetbergi er det minste fjellpartiet som NVE overvakar konstant. Overvakinga av fjellpartiet består i dag av eit wire-ekstensometer, fleire strekkstag, ein totalstasjon med fleire prismar og radar som målar rørsler både frå bakken og frå satellitt.

Med desse ulike instrumenta kan NVE måle rørsler i både enkelte sprekker og for heile det ustabile fjellpartiet.

Målingane dei får gjev opplysningar om rørsler i både 2D og 3D. Dette er svært nyttig for å få ei breiare forståing for rørslemønstra til fjellpartiet over tid, samtidig som måleinstrumenta er der for å kunne gje ei tidleg varsling ved ei eventuell akselerering i rørslene.

Tidleg varsling av auka rørsler er essensielt for å kunne vurdere skredfaren, og varsle potensielle skred.

530x796 stampa bildebLidarskanning på Stampa. Foto: NGU

Registreringa av rørsler er ikkje berre nyttig i forhold til varsling av skred, men overvakinga gjev og forskarane informasjon om mønster og utløysingsmekanismar for fjellskred. Data frå ulike fjellparti kan hjelpe forskarane å betre forstå kva som trigger eit skred.

Med Veslemannen fekk alle eit innsyn i korleis fjellet bevega seg når det var kraftig nedbør. Korleis eit fjellparti reagerer på vêrforhold er viktig, og derfor er det og plassert ein vêrstasjon på toppen av Joasetbergi.

Ved å studere rørslemønster over tid kan og farenivå som vert satt for fjellpartia bli meir nøyaktige. Meir presise farenivå kan bidra til å minke talet på «unødvendige» evakueringar slik ein ofte opplevde ved Veslemannen.

Sidan registreringa av rørsler i Joasetbergi byrja har målingane vist at rørslene er relativt konstante.

Sjølv om det har vist seg at det er vanskeleg med nøyaktig varsling vil eit eventuelt fjellskred frå Joasetbergi truleg varsle seg sjølv ved ein akselerering av rørslene i tida før utrasing.

Og med den konstante overvakinga av Joasetbergi vil NVE forhåpentlegvis kunne varsle i god tid viss farenivået vert kritisk.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har og utarbeida ein beredskapsplan for fjellskred frå Joasetbergi, så turistane er trygge der dei står og skuar utover Noreg i eit nøtteskall.


130 CVDenne teksten ble skrevet av Mari Sæbø (UiB) som en del av eksamen til kurset Overvaking av ustabile fjellsider.

Kurset ble holdt for første gang i år av Institutt for miljø og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

Les mer om kurset her

Mari Sæbø

https://geoforskning.no/turistfella-flam/

RELATERTE SAKER

NYESTE SAKER