[bsa_pro_ad_space id=6]

Framtidas geovitarar må vere digitale i heile sektoren

MENING Morgondagens geovitarar må vere tilpassingsdyktige, ha spisskompetanse på digitale verktøy, kunne programmere, vere prosjektleiar og kunne både skrive og formidle. Alt dette for å møte dei endringane vi no ser innanfor energisektoren, klima, geofarar, miljøgeologi og handsaminga av geologiske ressursar.

Morgondagens geovitarar må vere tilpassingsdyktige, ha spisskompetanse på digitale verktøy, kunne programmere, vere prosjektleiar og kunne både skrive og formidle. Alt dette for å møte dei endringane vi no ser innanfor energisektoren, klima, geofarar, miljøgeologi og handsaminga av geologiske ressursar.


530x331 Bilde2Foto: UiB

Vi las intervjuvet med Alexey Pavlov, professor i petroleumskybernetikk ved Institutt for geovitskap og petroleum, NTNU på geoforskning.no. I artikkelen vert det etterlyst at universiteta bidreg i den store digitale transformasjonen som skjer i oljeindustrien og som såleis òg påverkar geofaga.

Då er det høveleg å minne om at det er faktisk nettopp dette vi held på med, systematisk og over tid, noko som førte til at vi kunne opne Centre for Integrated Earth Science Education (iEarth) som  eit Diku-Senter for fremragande utdanning (SFU) den 1. juni 2020, med 40 millionar i støtte frå Diku og like mykje som internbidrag frå partnarane ved UiB, UiO, UiT og ved UNIS. 

Vi satsar på at eit systematisk arbeid innanfor heile geofaget skal kunne løfte studentane våre inn i ei ny tid der dei må rå over ei heil rekkje med verktøy for å kunne lukkast. Den tida då ein spade og ei god pipe var det som skulle til, er nok over for alle oss som kallar oss geologar.

Geologen er i dag tverrfagleg og kollegaene våre har sine doktorgrader i matematikk og biologi så vel som i geofysikk. Til dømes har det skjedd ein revolusjon innanfor geomatikkfeltet som verkeleg har opna opp nye vegar. I kombinasjon med big data og maskinlæring er det no råd å kartleggje store område på heilt nye måtar.

For å få universiteta med på desse endringane, er det naudsynt å leggje om mykje av undervisinga, og vi må sjå både på innhald og form.  Innføring av studentaktive læringsformer tvingar seg fram i heile sektoren og det opnar opp mange spennande moglegheiter.

Som undervisarar får vi òg mykje tilbake for dette ved å lage læringsaktivitetar som stimulerer både til nytenking og til å formidle faget t.d. gjennom videooppgåver.

Eit verkemiddel vi i iEarth er i ferd med å ta i bruk for å kople oss tettare på yrkesliv og samfunnet rundt oss, er innføring av praksisplassar. Det vil seie at vi sender studentane ut i industrien i nokre veker for å jobbe med ulike prosjekt som kan interessere dei og gi dei konkret erfaring frå arbeidslivet.

Vi har oppretta ei mentorordning ved moderinstitusjonane. Her lærer studentane å skrive CV og promotere seg sjølv samtidig som dei får jobbe med dagsaktuelle geofaglege problemstillingar i privat eller offentleg sektor.

I eit pilotprosjekt har bachelorstudentar ved UiT blitt dei første i iEarth som har tatt eit formelt praksisemne denne våren. Dei gjennomførte praksis ved Skaland Graphite AS og i Troms og Finnmark Fylkeskommune. I dei kommande åra vert det oppretta tilbod til bachelorstudentane ved dei andre iEarth-institusjonane om eit tilsvarande praksisemne.

Vi må gi studentane våre erfaring med forsking tidleg i studieløpet, og iEarth bidrar til at dette skjer allereie i løpet av bachelorutdanninga.

Ei undersøking blant partnerinstitusjonane i iEarth våren 2021 viser at bachelorstudentane allereie er med å samle inn data, utfører felt- eller laboratoriearbeid eller på annen måte genererer eigne, nye forskingsdata på mellom 10-80% av kursa, avhengig av kva utdanning dei tar.

Eit konkret døme på slik tidleg erfaring med forsking er når bachelorstudentane deltar på maringeologiske tokt med eit forskingsfartøy og tar sedimentkjernar, måler ulike fysiske eigenskapar i vassøyla, eller kartlegg havbotnen med multistråleekkolodd.

530x298 Bilde1Foto: UiB

Vi vil gjerne nå ut til heile geonorge, og iEarth tar derfor imot søknader om støtte til mindre forskings- og utviklingsprosjekt i utdanninga frå alle høgare utdanningsinstitusjonar i Norge som tilbyr utdanning innan geofaget.

iEarth gjennomførte hausten 2020 for første gong eit nasjonalt kurs i geofarar. På dette kurset lærer bachelorstudentar ved UiT, UiB og UiO å bruke moderne kvantitative og numeriske metodar til å vurdere geofarar i Noreg. Dei lærer m.a. å berekne utløpsbanar for skred og bakkerørsler ved jordskjelv.

Alle studentane gjennomfører òg minst to prosjekt, der dei brukar geografiske informasjonssystem (GIS) til å handsame data og vurdere geofarar. Dette er eit av dei viktige digitale verktøy som iEarth sine studentar lærer seg å bruke.

iEarth skal også bidra til at alle studentane våre får betre erfaring med vitskapeleg skriving og formidling. Dette er ei viktig generisk ferdigheit som kandidatane våre treng når dei kjem ut i arbeidslivet. Derfor har iEarth som mål å innføre at alle skal skrive ei bacheloroppgåve skal gjere studentane våre betre rusta til masterstudiet.

Vi ønskjer òg å auke bruken av formativ vurdering på emne i utdanningane, slik at studentane får tilbakemelding på arbeidet undervegs, kan revidere og forbetre seg og dermed oppnå betre læring.

iEarth sine vertsinstitusjonar er så absolutt sitt ansvar bevisst for å bidra til å utdanne landets framtidige geovitarar. Det overordna målet med iEarth er å tilby eit studentfokusert og innovativt læringsmiljø for morgondagens geofaglege studentar.

Slik vil det mest truleg opne seg fleire moglegheiter for studentane og dei vil òg vere betre rusta overfor  komplekse samfunnsutfordringar.

Professor Jostein Bakke (UiB), leiar iEarth og professor Anders Schomacker (UiT), utdanningsleiar iEarth

Jostein Bakke og Anders Schomacker

[addthis tool="addthis_inline_share_toolbox"]
https://geoforskning.no/framtidas-geovitarar-ma-vere-digitale-i-heile-sektoren/
Previous article
Next article

RELATERTE SAKER

NYESTE SAKER